Jubileumsskrift Sangkoret VOX

Sangkoret VOX blei stifta i 1978 for å kunne vere med da Rødtvet kirke blei vigsla same år. Gjennom alle desse åra har VOX jamt og trutt hatt konsertar i kyrkja og deltatt på gudstenester ved ulike høve. No har koret gitt ut jubileumsskriftet ”Glimt fra 30 år 1978-2008”, og det er å få kjøpt for den som måtte ha interesse.
Skriftet inneheld verdifull dokumentasjon om VOX, koret som har vore ein musikalsk kulturberar i Rødtvet menighet og lokalmiljøet rundt i distriktet i over 30 år.  Skriftet på 138 sider er ført i pennen av Berit Tviberg, og ho har hatt med Unni Simensen og Berit M. Presterud i redaksjonskomiteen. Desse tre kormedlemmene er eldsjeler som har lagt ned eit nitid og flott arbeid der dei har dokumentert og ”fargelagt” livet i VOX og koraktiviteten på ein spennande og innhaldsrik måte.  Skriftet kostar kr 100,- og det er rikt utsmykka med flotte bilete frå konsertar, turar og andre samlingar.
Kontaktpersonar ved kjøp: Berit Tviberg tlf 22 25 76 87 eller Turid Svarstad Flø, tlf 22 25 59 34.
Gunvor Sæverås Woll