August 2009

Nytt korsemester for Sangkoret VOX.

Sangkoret Vox er nå klar for en ny sesong. I høstsemesteret har vi to store prosjekter:
Det første er Allehelgensmesse av Egil Hovland som skal framføres i Rødtvet kirke 1. november. Her skal vi samarbeide med Nordlændingenes forenings kor som ledes av Dorte Fiskå. Dette ser vi fram til med glede.

Osloprosjektet:

Sist torsdag var nokre representantar frå katolikkane på befaring i kyrkja. Dei hadde vore i Bredtvet og skulle vidare til Grorud. Foranledninga var at styringsgruppa i Osloprosjektet har fatta eit vedtak som går på fristilling av ei av desse kyrkjene og at katolikkane då kan få overta. Menighetsrådet skal ha eit møte den 17. for å forme ein uttalelse til styringsgruppa i sakens anledning. Det kjem ganske snart eit høringsdokument og styringsgruppa er innstilt på å avslutte saken i sitjande bispedømmeråds periode, det vil sei innan utgangen av 2009. Meir informasjon om Osloprosjektet finn de på www.kirken.no/oslo under prosjekter. Eg vil særleg anbefale rundskriv nr. 1 2007. Der er dei ulike delprosjekta meir beskrive.

Dette vart mykje på ein gong, men eg trur det er viktig at menigheita får vite kva som rører seg i menigheita!
Det er store og viktige saker og me går ein, mildt sagt, spennande haust i møte!

Venleg helsing

Trusopplæring:

I mai fekk me beskjed om at Østre Aker prosti får opptrappingsmidlar i haust. Dette betyr at alle menigheitene får tildelt trusopplæringsmidlar ca etter antall døpte hode i soknet. Det betyr også at prosjektet i Rødtvet kirke er inne i sitt siste halvår - etter nyttår får Rødtvet tildeleing på lik linje med alle dei andre. For å få nok pengar til å lønne trusopplæringspersonar, er prostiet delt inn i samarbeidseiningar. Desse blir klare i sllutten av august, men me har allereie ei fungerande eining og denne består. Det betyr at etter nyttår jobbar Thomas i samarbeidseininga ( Rødtvet, Bredtvet, Romsås og Grorud) og ikkje berre i Rødtvet. Allereie i starten av september er det møte i eit flunkande nytt barne- og ungdomsråd med representantar frå dei fire menigheitene, stab og frivillige. Dette rådet er tenkt å skulle administrere trusopplæringsmidlane og koordinere aktiviteten i samarbeidseininga.

Kyrkjeval

13. og 14. september skal det vere alle moglege slags valg. Kyrkjevalet omfattar valg av representantar til bispedømmeråd og valg av menighetsråd. Den 13. blir valet på Ammerudhjemmet etter gudstenesta. Den 14. blir det i kyrkja mellom 09 og 21. Det er no ope for førehandsstemming her i kyrkja tysdagar og torsdagar mellom 10 og 14 fram til valget.
Siv

Litt info frå kyrkja di

Det nærmar seg skulestart og snart er me vel i nokonlunde vanleg gjenge igjen nokon kvar. Her i kyrkja skjer det i grunnen litt av kvart i desse dagar, så eg skal prøve å systematisere litt:

Diverse aktivitet:
- Feil klokkeslett i tidlegare distribuert haustprogram: Samtalegudstenesta er 6. september kl. 11.00! (ikkje 18)
- Sist laurdag var det to vielsar i kyrkja! Kjempekjekt! Det er også ein del begravelsar her no når kapellet på Alfaset er stengt. Det er fint at soknekyrkja blir brukt.
- I går reiste konfirmantane på leir. Dei blir vekke til fredag og det er eit sterkt ønske om at me ber for dei denne veka.
- Dersom det er nokon som kan tenke seg å hjelpe til den 20. under konfirmasjonane anten med å dirigere trafikk eller samle inn kollekt eller anna, så blir det tatt imot med stor takk! Ta kontakt med underteikna i så fall.